Helse Møre og Romsdal

Biobank1 har frå 2017 etablert ein struktur for biobanking i Helse MR. Ein ynskjer med tiltaket å få ei god oversikta på handtering og lagring av biologisk material i Helse MR. Historikken til eit kvart biologisk material er viktig når ein forskar, sett i lys av både etikk og kvalitet. Ein kan vidare sjå på dette som eit styrka tilbod til pasientane som deltek i kliniske studiar – tiltaket er med og sikrar god pasientflyt for biobanking.

Eininga er integrert som del av klinisk forskingspost Helse MR, som gjev optimale forhold i samdrift. Vår fagbioingeniør og våre studiesjukepleiarar i Ålesund har alle gjennomført NTNU sitt vidareutdanningskurs innan biobank. Vi tek sikte på og utdanne personell på dei andre lokalisasjonar i dei komande åra. Eit dedikert fokus på biobank drift i Helse MR er nødvendig for å gjere Helse MR forskingskompetent –  for eigen forsking og som ein attraktive partnar i multisenterprosjekt. I Ålesund har ein etablert eit felles laboratorium for Biobank1 og klinisk forskingspost, og liknande struktur er teikna inn i det nye sjukehuset – SNR. Vi har plassert -80°C frysarar på alle 4 sjukehusa og ein -150°C frys, og vi har dedikert personell som handterer dei under oppfølging av vår fagbioingeniør.

Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdals nettsider finner du her: https://helse-mr.no/