Generasjon 100-studiet er beskrive i eigen protokoll. Som eit delprosjekt ønsker vi å undersøke korleis trening kan påvirke nyrefunksjonen, både hos tidlegare nyrefriske og tidlegare nyresjuke. Vi vil undersøke urin på jakt etter nye markørar for nyresjukdom og effekt av trening. Vidare vil vi gjennomgå registerdata for å finne ut om pasientar med nedsatt nyrefunksjon som trener har beskyttelse mot hjerte-/karsjukdom og endestadium nyresvikt 5 år etter avslutta treningsstudie. Nyrefunksjonen vil vi analysere vha blodmålingar av kreatinin og cystatin C. Desse er avfallsstoff som kroppen skiljer ut gjennom nyrene, der nivået i blodet brukast til å bestemme nyrefunksjonen. Albumin i urin er eit viktig signal om nyreskade eller sjuk blodårevegg. Vi vil undersøke avfallsstoff i urinen (metabolittar) for finne ut om desse kan bidra til å forutsjå nyrebeskyttande effekt av trening, eller andre effektar av trening.
Tidslinje
2017 - 2018
Donorer
811
Prøvetype
Urin